Tilbake til alle arrangementer

HILDEGUNN OG LEIF-PER

  • Die Tankstelle 2 Gørvellplassen Molde, Møre og Romsdal, 6413 Norway (kart)
Kjøp billetter her

HILDEGUNN OG LEIF-PER

18:00 Dørene åpner
19:00 Konsertstart
485 kr + avg.

Hildegunn & Leif-Per UTAN Kringkastingsorkestret

Gjekk du glipp av radarparet frå Ulsteinvik då dei sist vitja Bjørnsonhuset i Molde? No får du ei ny moglegheit på Die Tankstelle fredag 8. mai!

Han er taxi-sjåfør og Sunnmøres 14. beste gitarist (av 17…) Ho er husmor, bestemor, nyutdanna spirituell coach - og har ei 60 prosent stilling på Cubus.

Meir enn 18.000 har sett comebackshowet til «Hildegunn & Leif-Per Moltubakk», og har dei klart heilt UTAN hjelp frå Kringkastingsorkestret. Kvifor er Hildegunn så fornærma på Kringkastingsorkestret? Og stemmer det at Leif-Per har fått seg dame frå Fræna?

Er det eit show? Er det ein konsert? Vi er ikkje sikre på om Hildegunn & Leif-Per har svaret på akkurat det, men dei lokkar i alle fall med både dramatikk og komikk - og eit saftig låtutval med eigenkomponert materiale i den underkjente singer/songewriter/housewife-tradisjonen.

Av og med: Fredrik Steen og Ørjan Liavåg

Regi: Karina Aase

Varigheit: 80 min. (ikkje pause)

Kjøp billetter her
Forrige
Forrige
30. april

BARE EGIL BAND