EVA WEEL SKRAM - FALLE TIL RO - EN JULEKONSERT 2026
19:30 Dørene åpner
20:00 Konsertstart
Bill.pris. 625kr + avg.
Kjøp billetter her
Forhåndssalg fra og med onsdag 18. mars kl. 10:00 (Kun for mottagere av MYLDRS nyhetsbrev, meld deg på her.)
Ordinært salg fra og med torsdag 19. mars kl. 10:00
Eva Weel Skram kommer tilbake til Molde og Molde Domkirke til det som har blitt en kjærkommen tradisjon
Falle til ro – ein julekonsert med Eva Weel Skram
Dei siste åra har Eva Weel Skram skapt ein kjærkomen juletradisjon med sine stemningsfulle julekonsertar. Med ei varm blanding av eigne låtar og kjende julefavorittar inviterer ho publikum inn i eit musikalsk univers der både tradisjon og nyare juletonar får skinne.
Det er snart ti år sidan Eva gav ut sin første julelåt, og sidan den gong har fleire av songane hennar funne vegen inn i den moderne norske julekanonen. «Selmas Sang», temalåten frå NRK-serien Snøfall, vart raskt ein publikumsfavoritt. Seinare kom «Falle til ro», skriven til Netflix - serien Hjem til jul, som også har festa seg som ein ny juleklassikar.
Eva har òg markert seg som ein framifrå tolkar av andre sine låtar. I hennar hender får songar som «Nå tennes tusen julelys» og «Romjulsdrøm» nytt liv. Juleklassikaren Have Yourself a Merry Little Christmas har dessutan fått norsk drakt som «Tid med mjuke pakkar», med ny tekst av Trygve Skaug.
Saman med sine musikalske kumpanar skapar Eva Weel Skram ei varm og nær juleoppleving – fylt av smittande humør, vakre melodiar og ekte julestemning.
Velkommen til julekonsert.