Patti Smith på nynorsk
PATTi smith på nynorsk // die tankstelle
Dato: 17. oktober
Dørene åpner: 19
Konsertstart: 20
Sted: Die Tankstelle, Molde
Konsertformat: Sittende
Hva skjer når musikken og tekstene til Patti Smith møter nynorsk?
Patti Smith på nynorsk er ei musikalsk og litterær framføring der songar Kari Harneshaug og gitarist Kyrre Laastad tolkar Patti Smith sine songar på nynorsk. Musikken blir vevd saman med Brit Bildøen si opplesing frå Patti Smith sine memoarbøker.
Omsettingane er gjort av Samlaget-forfattarane Brit Bildøen, Agnes Ravatn og Ragnar Hovland, med støtte frå Kulturrådet. Repertoaret er plukka ut av Kari Harneshaug og strekkjer seg frå debutalbumet Horses (1975) til Banga (2012).
Brit Bildøen har også omsett fleire av Patti Smith sine memoarbøker til norsk, mellom anna Just Kids, M Train og Apens år.
Framføringa har tidlegare vore presentert på ei rekke litteratur- og kulturarrangement, mellom anna Dei nynorske festspela, Bøker i Bø, Det Vilde Ord, MUNCH og De litterære festspillene i Bergen.
Velkommen til ei nær og annleis oppleving av ein av rockehistoria sine mest markante artistar – på nynorsk og live på Die Tankstelle i Molde.